|
||
Sidan eg var liten
guttunge har eg vert interessert i fugl. Som barn gjekk hobbyen
fyrst og fremst ut på å leite etter reir i skog og mark.
Som vanleg var på den tida hadde eg og ei lita eggsamling.
Seinare har alltid interessen vert der utan at eg har vert så
veldig aktiv. Nokre år dreiv eg på med oppdrett av tropefuglar,
men i 1993 kom eg i kontakt med ornitologer, og sidan har eg vert
aktiv i det miljøet. Same året melde
eg meg inn i Norsk
Ornitologisk Forening, og byrja
å gå på møter i Jæren Lokallag.
Ikkje lenge etterpå vart eg med i styret i lokallaget er eg har sete fram til nå. Omtrent halve tida var eg leiar i foreininga. Frå 1994 og dei neste sju
åra var eg styremedlem i Rogaland si fylkesforening.
Sjølv om eg likar best å være ute og kikke på
både sjeldne og vanlege fuglar, har nok likevel mest tid blitt
brukt til ringmerking, spesielt dei siste åra. Elles har eg etterkvart
fått inn mange skada
fuglar til pleie, og stell av desse
tek og ein del tid. |
||
|
||