Til fuglesiden



FUGLEVITSAR

Her er nokre fuglevitsar for ein kvar smak. Fleire bidrag til denne samlinga tek eg imot med takk.



"Pippe" eller "gagga?"

Først ein som ikkje er oppdikta: Mi dotter Silje som då var ca. 3 år meinte at fuglar var det to typar av. Var dei små var det "pippar," og var dei store var det "gagger." På veggen heime har me eit bilete av ein ara og eg prøvde å fortelje henne at det var ein papegøye. "Kan du sei papegøye?" spurte eg, og det gjorde ho eit forsøk på. Så kom den store avgjerande testen og eg spurde: "Kva slags fugl er det på biletet?" Og svaret kom kontant: "Pippedøyegagga!"

Død over Hitler

Under krigen var det ein mann som hadde ein papegøye som han hadde lært å sei "død over Hitler." Tyskarane hadde fått høyra dette og bestemte seg for å undersøkja saka. Heldigvis fekk mannen høyra om tyskarane sine planar, så han fekk tid til å klargjere seg på tyskarane sitt besøk. I same bygda var det ein til som hadde papegøye, og det var presten. Mannen tok med seg sin papegøye bort til presten og foreslo å bytta papegøye nokre dagar, og etter å ha fått forklart saka gjekk naturlegvis presten med på det. Så kom tyskarane til mannen og forlangte å få sjekke opp papegøyen hans. Dei gjekk bort til fuglen og sa fleire gonger: "Død over Hitler, død over Hitler." Og papegøyen svarte med andektig stemme: "Herre, høyr vår bøn!"

Den druelystne anda

Ei and gjekk inn i ei forretning og gjekk mot skranken. "Har de druer?" spurte anda. "Nei," svarte ein litt forvirra ekspeditør. Anda bare smilte og gjekk ut igjen. Litt seinare kom anda tilbake igjen og spurte: "Har de druer?" Ekspeditøren svarte: "Nei, som eg fortalde deg for 15 minutt sidan så har me ikkje druer!" Anda bare smilte igjen og gjekk ut. Litt seinare kom anda ennå ein gong tilbake igjen og spurte: "Har de druer?" Den irriterte ekspeditøren ropte då: "Nei, ikkje har me hatt druer, ikkje har me druer og ikkje skal me ha druer heller. Og kjem du tilbake her eingong til og masar om druer skal eg ta og spikre symjeføtene dine fast i gulvet!" Anda smilte igjen og gjekk ut. Ikkje lenge etter kom anda inn igjen og spurte ekspeditøren: "Har de spiker?" "NEI," ropte ekspeditøren. "Bra," sa anda, "har de druer?"

Velsmakande fugl

Dommaren: Javel Idland, det vert sagt her at du har skote og drepe ein jaktfalk. Erklærer du deg skyldig?

Idland: Skyldig, herr dommar.

Dommaren: SKYLDIG? Veit du ikkje kor sjeldne desse fuglane er. Det er bare få av dei igjen.

Idland: Eg veit det dommar, men familien min treng mat, me er så fattige.

Dommaren: Det er ingen unnskyldning, eg dømmer deg til 30 dagars fengsel. Forresten, korleis smakar eigentleg ein jaktfalk?

Idland: Den er ganske god, den smakar omtrent som ein mellomting mellom kongeørn og vandrefalk!

Krevjande eksamen

Ein student tok eit utruleg krevjande ornitologifag og var på veg inn til den siste eksamen. Professoren gjorde det ikkje lettare og hadde lagt ut ein del fugleføter og studenten skulle finne ut kva art dei tilhøyrde. Studenten var allereie svært irritert over professoren som laga for vanskelege oppgåver. "Det er nok," sa han, "eg nektar å ta denne eksamenen," og så marsjerte han ut. Professoren ropte etter han: "Hei du, kva er namnet ditt?" Den opprørte studenten stoppa og gjekk tilbake og bretta opp buksebeina. "Ta ein kikk på beina mine," sa han, "så kan vel du fortelje meg kva eg heiter?"

Mordariske blondiner

  • Veit du korleis blondinene prøver å drepa fuglar?
  • Dei kastar fuglane utføre eit stup!

Rask snarveg

  • Kvifor går kyllingane over vegen?
  • Fordi det er for langt å gå rundt.

Modige kyllingar

  • Kvifor går kyllingane over vegen?
  • For å bevise for pinnsvina at det mogleg å koma levande frå det!

Eit utruleg forsvinningsnummer

Ein tryllekunstnar hadde oppdrag på eit cruiseskip der han opptrådde kvar kveld. Han hadde og med seg ein papegøye og kvar gong han trylla vekk noko sat papegøyen og skreik: "Han har den i ermet," eller "han har den i lommen," eller "den er i skoen hans." Ein kveld mens tryllekunstnaren opptrådde gjekk cruiseskipet på eit isfjell og sank. Tryllekunstnaren var heldig og fekk redda seg opp i ein livbåt, der dei låg og fløt ein del dagar. Papegøyen kom seg og ombord i livbåten og der sat den heilt taus heile tida og såg spørjande på tryllekunstnaren. Etter 4 dagar såg papegøyen igjen spørjande på tryllekunstnaren og sa: "Eg gir opp, kor har du gjort av cruiseskipet?"

Han lærte til slutt

Ein mann hadde ein papegøye. Dei to passa eigentleg ikkje så godt i lag fordi mannen var ein roleg og seriøs kar, mens papegøyen var av den meir uvørne typen, ja, han dreiv beint ut og banna og steikte som ein gammal sjømann. Ein vakker dag hadde mannen fått nok av papegøyen, og mens fuglen dreiv og bante og svor tok mannen tak rundt halsen dens og rista han skikkeleg. "NÅ ER DET NOK, NÅ TIAR DU STILL," ropte mannen. Men papegøyen bare fortsette å snakka styggare enn nokon gong før. "OK, du skal få det som du vil," sa mannen og heiv papegøyen inn i eit kjøkkenskap og slengte igjen døra. Inne i skapet dreiv papegøyen og skreik og romsterte slik at mannen bare måtte sleppe den ut igjen. Vel ute kom den nå svært så hissige papegøyen med ei lang rekke av stygge ord som hadde fått ein kven som helst sjømann til å rødme. Men nå var mannen blitt så sint at han tok papegøyen og slengte den ned i frysaren og slo lokket hardt igjen. Først fortsette papegøyen å skrike og balere, mens så plutseleg vart det heilt stilt. Mannen stod fyrst bare og lytta etter livsteikn, men då desse ikkje kom tenkte han at han måtte sleppa ut fuglen for den kunne jo ha blitt skada. Då han opna lokket på frysaren kraup papegøyen stilt oppover armen hans og sette seg fint på aksla. "Eg er svært lei meg fordi eg har oppført meg slik," sa den. "Det var ikkje så vondt meint, eg lovar at frå nå av skal ikkje eit stygt ord koma ut or munnen min." Mannen er både forbløffa og glad og forstår ikkje heilt kva som er kome over fuglen. Men så seier papegøyen: "Forresten, dei kyllingane som ligg nede i frysa, kva galt hadde eigentleg dei gjort?"

Alle kan gjer feil

I USA testa ein flyfabrikk om flya kunne tåle kollisjon med ein fugl. Måten testen vart gjort på var at ein innretning skaut ein død kylling inn i fronten på flyet med same fart som flya normalt bruker i lufta. Ein lokomotivfabrikk ville prøve same metode, og kjøpte seg ein lik innretning og skaut ein død kylling inn i fronten på lokomotivet. Men det gjekk ikkje så bra. Kyllingen gjekk rett gjennom fronten, gjennom motorrommet og smadra instrumentpanelet før den stoppa på bakveggen i førarhuset. Lokomotivfabrikken sendte melding ti flyfabrikken om det som hadde skjedd, og spurte om det var eit eller anna med prosedyren deira som hadde blitt gjort feil, sidan resultatet vart så fatalt. Og flyfabrikken sende brev tilbake med eit viktig korreksjon på lokomotivfabrikken sin framgangsmåte: Tin kyllingen først!

Svenskevits

Ein svenske kom inn på ei forretning med ein papegøye på skulderen. "Kor fekk du den frå?" spurde ekspeditøren. "Frå Stockholm" sa papegøyen. "Det kryr av slike der."

Ingen servering

Ei svært tjukk dame kom inn på ein restaurant bærande på ei and. "Dessverre," sa kelneren, "me serverer ikkje grisar her." "Jammen, dette er ei and," sa dama. Kelneren såg på dama og sa: "Det var anda eg snakka til!"

Alt dei får til nå for tida

Ei høne var uheldig og åt ein glasbit. Ei tid etter kom det ein kylling med briller ut or egget.

Heilt logisk

  • Kvifor flyr fuglane sørover om hausten?
  • Fordi det er for langt å gå.

På ståande fot

  • Kvifor står storken på eit bein?
  • Dersom han løfta det andre og, ville han falle.

Skitt au

Ein fugl vakna etter ein middagslur og såg at på bakken under han kraup det ein stålorm. Han stupte ned frå treet med det sama og svelte stålormen i eit jafs. Då stålormen kom ned i magen levde den ennå og den fant fort opninga til tarmane og byrja på den lange turen ut. I mens hadde fuglen teke til vengene og då stålormen endeleg stakk hovudet ut or fuglens rektum oppdaga han at utsikten herifrå i alle fall ikkje var noko å klaga på. "Hei fugl," ropa han, "kor høgt oppe er me?" Fuglen kikka ned og sa at dei minst måtte være 500 meter oppe i lufta. "Oj," sa stålormen stille, "du har vel ikkje tenkt å skite nå, har du vel?"


Oversikt over ringmerking på Hobberstad og oversikt over alle fuglane eg har vert med å ringmerka
Oversikt over dei skada fuglane eg har hatt i pleie
Oversikt over alle dei fuglane eg har sett ute i naturen Blåstjert Fuglebilete
Fuglelivet på Jæren
Ei samling av vitsar som handler om fuglar
Linker til fuglesider
Tilbake til heimesida


© Copyright 2001. All rights reserved. Powered by Free Site Templates

free counters