Vandrefalk (Falco
peregrinus)
Vart funnet i slutten av august 2006 på Tegle i Time. Vengjen var brekt, og den vart teken med til dyreklinikken på Tu. Bruddet var så alvorleg at det var umogleg å reparere. Fuglen måtte derfor avlivast. |
Vandrefalk (Falco
peregrinus)
Blei funnet av Gunnar Gunnersen. tilstanden var veldig dårleg, og den klarte ikkje å stå oppreist. Første dagene vart den matet, men spiste sjølv etter kvart. Dessverre døydde den etter ei veke. |
Perleugle (Aegolius funereus)
Vart påkjørt mellom Sandnes og Høle i november 2005. Det var ingen synlege skader på den, og den fløy greit. I skumringa slapp vi den, og den fløy fint opp i eit av trærne i hagen. Der sat den ei stund, men forsvann litt seinare på kvelden. |
Jaktfalk (Falco rusticulus)
Blei fanget sittende på ein terasse på Nærbø i oktober 2005. Den var avmagret, men ellers ingen synlege skader. Etter å ha levd på høner i ei veke, så kom den seg på vengjende igjen. Denne falken fekk seg også ein artikkel i Jærbladet. |
Spurvehauk (Accipiter nisus)
Fekk ein telefon i september 2005 frå Lars Jan Nord-Varhaug, om ein spurvehauk som sat skada i fjøset deira. Den fekk være i bur nokre dagar, og fekk seg god mat, og det var ikkje lenge før den kunne fly igjen. Den fekk friheten tilbake etter omlag ei veke. |
Havsule (Sula bassana)
Fekk ein telefon frå nevøen min om at det var ein måke som ikkje kunne fly som sat på ein åker. Måken viste seg å væra ei havsule som hadde fått nebbet viklet inn i taustumper. Etter å fått ublid behandling av havsulas usedvanleg skarpe nebb, så klarte eg å få av alt av tråd. Fuglen var i relativt god stand ellers, og blei sluppet ut i sjøen same dag (2. juli 2004). |
Hønsehauk (Accipiter
gentilis)
Hauken vart funnet hengende i eit gjerde på Lerbrekk (hausten 2004). Tre gutar kom med den. Den var veldig avmagret, og i dårleg tilstand, og døde etter nokre få dagar. |
Hubro (Bubo bubo)
Fuglen vart funnen hengande fast
i nettet på bosplassen på Sele 3.2.2003
av ein av dei ansatte. Etter behandling på dyreklinikken
på Tu prøvde me å sleppa den i kveldinga,
men då den ikkje kunne fly tok eg den med heim
til pleie. Etter to veker vart den sluppet fri igjen.
Det har vert fleire artiklar i Jærbladet
om hubroen, og Dagbladet hadde og ein liten artikkel
med bilete. Omtrent 110 personar har vert innom og sett
på den, fleire har vert både to og tre gonger. |
Alkekonge (alle alle)
Alkekongen vart funnet oljeskada
i byrjinga av februar (2003) og vart teken hand om av
ein familie på Bryne. Dei kom til meg med den
på onsdag. Den så ikkje så god ut
om kvelde, skalv ein del og virket litt slapp. Om morgonen
var den heller ikkje heilt pigg, men tok seg eit bad
i ny og ne likevel. Då eg kom heim frå arbeid
om kvelden var den død. |
Hønsehauk (Accipiter
gentilis)
Hauken vart funnet avmagra på
Stavnheim på Vigrestad. Karl Johan Bø frå
Hå kommune kom med den. Den sette seg fint til
i buret, men ville ikkje spise av den døde fuglen
den vart servert. Etter bare nokre timer la den seg
ned og byrja å vri på hovudet slik eg har
sett mange fugler gjer før dei døyr, og
kort tid etterpå trakk den sitt siste sukk. |
Jordugle (Asio flammeus)
Denne ugla vart funnet på
Ueland, Varhaug i byrjinga av januar 2003. Den sat i
vegkanten med brukket vengje. Då eg fekk den vurderte
eg litt at og fram om det var vits i å prøve
å redde den, då bruddet sat langt inne mot
kroppen og virket komplisert. Problemet løyste
seg sjølv same dagen då ugla døydde
av seg sjølv. |
Kattugle (Strix
aluco)
Ugla vart funnet avmagra i Stavanger
i desember 2002, og via museet kom den til meg. Det
var veldig vanskeleg å få mat i den, så
den måtte tvangsforast med litt kjøt og
vatn. Sjølv om den tok lite næring til
seg klarte den seg greitt, og den vart sluppet etter
omlag to veker. Med det samme klarte den ikkje å
fly så langt, men etterkvart fekk den meir luft
under vengene og forsvann. |
Lomvi (Uria aalge) og
Alkekonge (alle alle)
I februar 2002 fekk eg inn to
lomvier og ein alkekonge som alle var oljeskada. Den
eine lomvien måtte avlivast med det same, mens
den andre levde 5 dager før den døydde.
Alkekonge levde heller ikkje så lenge sjølv
om den såg frisk nok ut då den kom, og den
ikkje hadde fått så veldig mykje olje på
seg. Det ser ut til at det er vanskeleg å få
desse oljeskada fuglane til å overleve. |
Knoppsvane (Cygnus
olor)
Ein ungfugl eg fekk inn hausten
2001. Den var avmagret og tydeleg sjuk. Foring vart
forsøkt, men den døydde etter kort tid. |
Tårnfalk (Falco
tinnunculus)
Fuglen landa 18. oktober 2001
på ein engelsk båt midt mellom England og
Norge. Båten var på veg til Stavanger. På
båten klarte fuglen å skada vengjen, og
dei kontakta museet som igjen kontakta meg. Morten Keersbergen
tok den med til Revestasjonen, og Morten Tjemsland,
som var med å ringmerka den dagen, tok den med
til dyreklinniken på Tu. Noko meir enn ein sårskade
vart registrert, og den fekk antibiotika og vart bandasjert.
Sjølv om skaden ikkje virket stor, så hang
likevel vengjen nokså stygt. Etter tre veker døydde
fuglen. |
Sildemåke (Larus fuscus)
Fekk på våren 2001
ein telefon frå Morten Keersbergen om ein merkeleg
fugl som gjekk rundt på ein åker på
Vigrestad, og dei lurte på om nokon kunne sjekke
kva det var for noko. Slik dei beskreiv den var det
ikkje så lett å tippe kva art det dreia
seg om, og i tillegg skulle den være ganske tam.
Det visa seg å væra ein sildemåke
som var dekka av eit eller anna seigt belegg. Det virka
som om den hadde falle oppi noko med heile seg. Eg tok
den heim, fyllte opp badekaret og prøvde å
få den rein. Det var ikkje så lett å
få stoffet av, og fuglen var veldig forkommen
etterpå. Resten av dagen stod den med bøygd
hovud og såg ut som om den tykte synd på
seg sjølv. Neste morgon var den død. |
Rugde (Scolopax rusticola)
Vart funnet ved Stavanger 3. mars
2001 av folk frå Notodden. Via fuglevakta fann
dei fram til meg, og dei kom innom med den på
vegen austover. Den var veldig avmagra, det verste eg
har kjent på levande fugl. Men den virket elles
etter forholda ganske kvikk, men den la seg fort ned,
så den hadde nok ikkje så mykje krefter.
Eg fekk i den litt flytande føde, og den var
i brukbar form ved siste sjekk om kvelden. Neste morgon
var den dessverre død. |
Sangsvane (Cygnus cygnus)
Denne ungfuglen vart funnet avmagra
på Brusand 11.2.2001. Vekta ved ankomst var på
5,2 kg, noko som skulle gje den gode muligheter for
å overleve. Den ville ikkje ete sjølv,
så eg tvangsfora den med røyr nedover halsen.
Drikka bestod av eit kosttilskudd med druesukker dei
brukar i landbruket. Dette pulveret rørte eg
ut i vatn. Litt oppbløytt brød fekk den
og stappa ned i halsen. På onsdag kveld var den
veldig svak, og torsdag morgon var den død. |
Tårnfalk (Falco tinnunculus)
Fuglen vart funnen ved Haukali
med brekt veng. Den hadde svensk ring rundt foten. Etter
røntgen og spjelking såg ting greitt ut,
men den låg dessverre død neste morgon. |
Vandrefalk (Falco
peregrinus)
Fuglen kom inn via dyrebeskyttelsen,
og vart funnen på Tjelta i Sola. Den hadde eit
sår på foten, men elles ingen synlege skader.
Etter ein antibiotika kur vart den sleppt fri etter
om lag tre veker. |
Vandrefalk (Falco
peregrinus)
Fuglen vart funnen på Nærland
på Nærbø, og det såg ut til
at det var snakk om eit brot i vengen. Røntgen
viste av det bare var eit lite sår i vengen, men
røntgenbilete viste også at grunnen var
at den var skoten på. I kroppen hadde den to haglkuler,
men det gjekk greitt likevel. Den vart sleppt etter
tre veker, og tok til vengene på ein flott måte. |
Jaktfalk (Falco
rusticulus)
Den fuglen eg har hatt som har
fått mest oppmerksomhet. TV-Vest var og filma,
og mange tok turen for å sjå på den
både undervegs, og ikkje minst då den vart
sleppt. Den vart funnen, nedanfor reiret, med brekt
fot, og eg hadde den i pleie i to og ein halv månad. |
Sivhauk (Circus
aeruginosus)
Vart funnet på Skretting
på Varhaug med brekt veng. Det vart sett inn ei
splint i vengen, og det tok nesten to månader
før den var klar til å få friheten
tilbake. |
Kattugle (Strix aluco)
Vart funnen i Kleppelunden, med
ein betennelse som hadde klistret igjen augene. Den
vart behandla med augedråpar og antibiotika. Under
forsøk på mating døydde den, og
det visa seg at den var svært opphovna i halsen,
slik at den ikkje klarte å svelga. |
Hornugle (Asio otus)
Den vart påkøyrd
av ein bil på Nærbø, og brakk vengen
heilt inne ved festet på kroppen. Det vart vurdert
som umogleg å få den på vengene igjen,
og den vart derfor avliva. |
Jordugle (Asio flammeus)
Vart funnen med brot på
vengen i nærleiken av Klepp. Etter operasjonen
vakna den aldri skikkeleg etter narkosen. Den døde
om lag tre timar etter at den vart bedøva. |
Lomvi (Uria
aalge)
Vart funnen med oljeskader i januar
1999. Etter grundig vask, og pleie, vart den sett fri
ei veke seinare ved Nærlandstrand. |
Spurvehauk (Accipiter nisus)
Den første eg hadde i pleie
(februar-mars 1998), og kom til meg via fuglevakta.
Den vart funnen i Stavanger. Stavanger Aftenblad skreiv
ein artikkel då den vart sleppt. |