To the birdsite


NURSING INJURIED BIRDS

Since 1998 I have had different birds with different injuries to take care of, and here you can read about some of them. The text will soon be translated to English, but until then you can look at the pictures.

The first bird i take care of was a Sparrowhawk, and because him that used to take care of birds didn't find place for it, he asked me. Since many people have come to me with birds, and some of them have been lucky, and get free again, but some are not so happy. The bird who has attracted most attention was the Gyr Falcon closely followed by the Eagle Owl. When I had the Gyr Falcon a local TV-station interviewed me and filmed the bird. A local newspaper had articles three times about The Eagle Owl, and a national newspaper also had pictures and writes about the owl. The Sparrowhawk also get an article in a regional newspaper.


Here are some of the birds I have been nursing:

Eagle Owl (Bubo bubo)
The bird was found hanging in a nest at rubbish heap by one of the employers. He was bringing the owl to the veterinary, and they called me. We first tried to let it go outside the clinic, but it couldn't fly. Therefore I took the bird home, and had it there for almost two weeks. A local newspaper was also writing about the bird, and was bringing the latest news during the two weeks I had it. A national newspaper, Dagbladet, also had a small article. More than 110 persons was coming here to look at the bird, some of them several times.

Little Auk (alle alle)
Alkekongen vart funnet oljeskada i byrjinga av februar (2003) og vart teken hand om av ein familie på Bryne. Dei kom til meg med den på onsdag. Den så ikkje så god ut om kvelde, skalv ein del og virket litt slapp. Om morgonen var den heller ikkje heilt pigg, men tok seg eit bad i ny og ne likevel. Då eg kom heim frå arbeid om kvelden var den død.

Northern Goshawk (Accipiter gentilis)
Hauken vart funnet avmagra på Stavnheim på Vigrestad. Karl Johan Bø frå Hå kommune kom med den. Den sette seg fint til i buret, men ville ikkje spise av den døde fuglen den vart servert. Etter bare nokre timer la den seg ned og byrja å vri på hovudet slik eg har sett mange fugler gjer før dei døyr, og kort tid etterpå trakk den sitt siste sukk.

Short-eared Owl (Asio flammeus)
Denne ugla vart funnet på Ueland, Varhaug i byrjinga av januar 2003. Den sat i vegkanten med brukket vengje. Då eg fekk den vurderte eg litt at og fram om det var vits i å prøve å redde den, då bruddet sat langt inne mot kroppen og virket komplisert. Problemet løyste seg sjølv same dagen då ugla døydde av seg sjølv.

Tawny Owl (Strix aluco)
Ugla vart funnet avmagra i Stavanger i desember 2002, og via museet kom den til meg. Det var veldig vanskeleg å få mat i den, så den måtte tvangsforast med litt kjøt og vatn. Sjølv om den tok lite næring til seg klarte den seg greitt, og den vart sluppet etter omlag to veker. Med det samme klarte den ikkje å fly så langt, men etterkvart fekk den meir luft under vengene og forsvann.

Common Guillemot (Uria aalge) og Little Auk (alle alle)
I februar 2002 fekk eg inn to lomvier og ein alkekonge som alle var oljeskada. Den eine lomvien måtte avlivast med det same, mens den andre levde 5 dager før den døydde. Alkekonge levde heller ikkje så lenge sjølv om den såg frisk nok ut då den kom, og den ikkje hadde fått så veldig mykje olje på seg. Det ser ut til at det er vanskeleg å få desse oljeskada fuglane til å overleve.

Mute Swan (Cygnus olor)
Ein ungfugl eg fekk inn hausten 2001. Den var avmagret og tydeleg sjuk. Foring vart forsøkt, men den døydde etter kort tid.

Common Kestrel (Falco tinnunculus)
Fuglen landa 18. oktober 2001 på ein engelsk båt midt mellom England og Norge. Båten var på veg til Stavanger. På båten klarte fuglen å skada vengjen, og dei kontakta museet som igjen kontakta meg. Morten Keersbergen tok den med til Revestasjonen, og Morten Tjemsland, som var med å ringmerka den dagen, tok den med til dyreklinniken på Tu. Noko meir enn ein sårskade vart registrert, og den fekk antibiotika og vart bandasjert. Sjølv om skaden ikkje virket stor, så hang likevel vengjen nokså stygt. Etter tre veker døydde fuglen.

Lesser Black-backed Gull (Larus fuscus)
Fekk på våren 2001 ein telefon frå Morten Keersbergen om ein merkeleg fugl som gjekk rundt på ein åker på Vigrestad, og dei lurte på om nokon kunne sjekke kva det var for noko. Slik dei beskreiv den var det ikkje så lett å tippe kva art det dreia seg om, og i tillegg skulle den være ganske tam. Det visa seg å væra ein sildemåke som var dekka av eit eller anna seigt belegg. Det virka som om den hadde falle oppi noko med heile seg. Eg tok den heim, fyllte opp badekaret og prøvde å få den rein. Det var ikkje så lett å få stoffet av, og fuglen var veldig forkommen etterpå. Resten av dagen stod den med bøygd hovud og såg ut som om den tykte synd på seg sjølv. Neste morgon var den død.

Eurasian Woodcock (Scolopax rusticola)
Vart funnet ved Stavanger 3. mars 2001 av folk frå Notodden. Via fuglevakta fann dei fram til meg, og dei kom innom med den på vegen austover. Den var veldig avmagra, det verste eg har kjent på levande fugl. Men den virket elles etter forholda ganske kvikk, men den la seg fort ned, så den hadde nok ikkje så mykje krefter. Eg fekk i den litt flytande føde, og den var i brukbar form ved siste sjekk om kvelden. Neste morgon var den dessverre død.

Whooper Swan (Cygnus cygnus)
Denne ungfuglen vart funnet avmagra på Brusand 11.2.2001. Vekta ved ankomst var på 5,2 kg, noko som skulle gje den gode muligheter for å overleve. Den ville ikkje ete sjølv, så eg tvangsfora den med røyr nedover halsen. Drikka bestod av eit kosttilskudd med druesukker dei brukar i landbruket. Dette pulveret rørte eg ut i vatn. Litt oppbløytt brød fekk den og stappa ned i halsen. På onsdag kveld var den veldig svak, og torsdag morgon var den død.

Common Kestrel (Falco tinnunculus)
Fuglen vart funnen ved Haukali med brekt veng. Den hadde svensk ring rundt foten. Etter røntgen og spjelking såg ting greitt ut, men den låg dessverre død neste morgon.

Peregrine Falcon (Falco peregrinus)
Fuglen kom inn via dyrebeskyttelsen, og vart funnen på Tjelta i Sola. Den hadde eit sår på foten, men elles ingen synlege skader. Etter ein antibiotika kur vart den sleppt fri etter om lag tre veker.

Peregrine Falcon (Falco peregrinus)
Fuglen vart funnen på Nærland på Nærbø, og det såg ut til at det var snakk om eit brot i vengen. Røntgen viste av det bare var eit lite sår i vengen, men røntgenbilete viste også at grunnen var at den var skoten på. I kroppen hadde den to haglkuler, men det gjekk greitt likevel. Den vart sleppt etter tre veker, og tok til vengene på ein flott måte.

Gyr Falcon (Falco rusticulus)
Den fuglen eg har hatt som har fått mest oppmerksomhet. TV-Vest var og filma, og mange tok turen for å sjå på den både undervegs, og ikkje minst då den vart sleppt. Den vart funnen, nedanfor reiret, med brekt fot, og eg hadde den i pleie i to og ein halv månad.

Western Marsh-Harrier (Circus aeruginosus)
Vart funnet på Skretting på Varhaug med brekt veng. Det vart sett inn ei splint i vengen, og det tok nesten to månader før den var klar til å få friheten tilbake.

Tawny Owl (Strix aluco)
Vart funnen i Kleppelunden, med ein betennelse som hadde klistret igjen augene. Den vart behandla med augedråpar og antibiotika. Under forsøk på mating døydde den, og det visa seg at den var svært opphovna i halsen, slik at den ikkje klarte å svelga.

Long-eared Owl (Asio otus)
Den vart påkøyrd av ein bil på Nærbø, og brakk vengen heilt inne ved festet på kroppen. Det vart vurdert som umogleg å få den på vengene igjen, og den vart derfor avliva.

Short-eared Owl (Asio flammeus)
Vart funnen med brot på vengen i nærleiken av Klepp. Etter operasjonen vakna den aldri skikkeleg etter narkosen. Den døde om lag tre timar etter at den vart bedøva.

Common Guillemot (Uria aalge)
Vart funnen med oljeskader i januar 1999. Etter grundig vask, og pleie, vart den sett fri ei veke seinare ved Nærlandstrand.

Sparrowhawk (Accipiter nisus)
Den første eg hadde i pleie (februar-mars 1998), og kom til meg via fuglevakta. Den vart funnen i Stavanger. Stavanger Aftenblad skreiv ein artikkel då den vart sleppt.


Ringing at Hobberstad and a summary of all birds I have ringed alone or together with other people
Birds I have been nursing
Birdpictures
All birds I have seen free in the nature
Red-Flanked Bluetail
Birding at Jæren
Jokes about birds
Links to bird sites
Back to my homesite

© Copyright 2001. All rights reserved. Powered by Free Site Templates
free counters