|
|
|
Fekk ein telefon frå min nevø om at det sat ein skada måke på myra på heimegåren. Måka viste seg å være ei havsule som hadde fått viklet ein del tau rundt nebbet. Forsøket på å fjerne dette gav meg ein smertefull lærdom om at havsuler har eit sylskarpt nebb. Men med hjelp av gode hanskar og skarp kniv så fekk fuglen taua fjernet. Fuglen virket elles i god form, og blei slept ut i sjøen.
|
||
|
||