Hubroen fekk eg inn på mandag 3.
februar 2003, og i skrivende stund (5. febr) er
den i fin form. Den er plassert i eit bur ute, og
har fått ei død ringdue til å ete, og foreløpig
har han ribbet den, og fått seg ein matbit. Eg
har og foret den direkte i nebbet med litt
kyllingfilet. Hubroen har ikkje andre synlege
skader enn eit sår på ei negl, så den må ha
forstrekt eit eller anna som gjer at den ikkje
kan fly.
6.
februar:
Hubroen
er fortsatt i god form, og har spist godt. I går
var det omlag 20 personar og såg på den, og
fleire har planar om å koma til helga.
7.
februar:
Alt
ser bra ut i dag og. Den har nå ete opp heile
dua, så nå får eg byrja å fora den med døde
høner.
8.
februar:
For
at folk ikkje skal kome til alle døgnets timer,
vart dei som ville sjå hubroen innvitert til å
koma kl. 12.00, då Jærbladet og skulle koma.
Totalt var det vel innom 23 personar på ein
gong, og det var 7 stk. som kom utanom "opningstid,"
så totalt var tredve personar innom i dag. Det
viktigaste forskjell på ugla frå i går er at
den gjorde to forsøk på å fly, og det ser ut
til at det ikkje vil ta så langd tid før den
kan setjast fri.
9.
februar:
Hubroen
er i fin form i dag og, og den har nå sett seg
opp på ein stein, og sit oppreist slik ein hubro
gjer på bileta i fuglebøkene. Tidlegare har den
slik halvegs ligget, og den har blåst seg veldig
opp når folk har vert i nærleiken. I løpet av
dagen har fem personar vert innom og kikka. På
grunn av mykje vind og ein del regn vart Hubroen
flytta over til eit anna bur der den kan gå inn
i ei lekehytte i ly for vind og vær.
10.
februar:
Alt
står bra til i dag og. To karer var og såg på
den på føremiddagen, og i dag har Dagbladet
intervjua meg på telefon, og ein fotograf var
innom og tok ein del bilete. Då han kom hadde
ugla plassert seg lengst inne i lekehytta, så eg
tok den rundt føttene og tok den ut slik at han
kunne få skikkelege bilete. Hubroen likte ikkje
heilt behandlinga, men nå framover får den være
for seg sjølv det meste av tida, og ikkje verta
så mykje forstyrra av folk.
11.
februar:
Alt
OK. Hubroen har ete det den ser ut til å sjå
syn på av høna, og den har fått ei ny. I dag
stod ein artikkel i Dagbladet sin papirutgave om
ugla. Ikkje så stor artikkel, men greitt likevel.
Det er jo ikkje så verst å få omtale og bilete
i Dagbladet utan å ha gjort noko galt!
12.
februar
Alt
vel i dag og. To mann har vert og sett på den i
dag, men resten av dagen har den fått heilt for
seg sjølv. På dagtid sit den inne i hytta, og når
det byrjar å skumre kjem den og sit i døropninga
og kikker ut, mens den kjem heilt ut og eter på
høna når det er blitt nokså mørkt.
13.
februar
Ikkje
så mykje nytt å melda, alt står bra til. Ein
mann har vert og kikka i dag. Eg reknar med å prøve
å sleppa den på søndag kl. 16.00.
14-15.
februar
Alt
er i orden ennå, og den er meir aktiv nå enn
den har vert før. Det er tydeleg den er klar til
å få friheten igjen. På fredag var ingen og såg
på den, men laurdag var fire familier på totalt
22 personar og kikka.
16.
februar
Så
var endeleg dagen kome då hubroen kunne sleppast
fri. 23-24 personar frå Hundvåg i nord til
Egersund i sør kom for å sjå og fotografera
seansen. Fyrst prøvde me å setja den ned midt
ute på åkeren, men då la den seg bare ned og såg
veldig forvirra ut, og forstod ikkje at han nå
var fri. Me tok då å sette den opp på ein
steingard rett bortanfor, og der sette den seg
etterkvart fint til og fotografane fekk seg eit
flott motiv. Omringa av folk var det ikkje lenge
før den tok til vengjene og fløy lavt over
bakken omtrent 150 meter før den sette seg ned
midt ute på åkeren. Der sat den om lag tjue
minutter før den igjen tok til vengjene og
forsvann. Så får me håpe det går den vel, og
at den vil finne fram til ein meir passande stad
å være enn eit bur på Varhaug
|