|
|
||||||||||||||
Søndag kveld
(18.6.2000) fekk eg ein telefon frå Jørn Auestad på Vigrestad
om at han hadde funnet ein jaktfalk unge som hadde falt ut av reiret.
Den hadde brekt foten. Då han visste at eg hadde hatt inne fleire
skada fuglar i pleie, ringte han og lurte på om eg kunne ta i
mot denne. Han kom innom med den søndag kveld, og måndag
tok eg den med til dyreklinikken på Tu. Røntgenbilete viste
at brotet ikkje var verre enn at det skulle la seg gjera å få
foten i orden igjen. På det første bilete kunne det sjå
ut som den hadde hagl i seg, og eit nytt bilete av heile kroppen vart
teke, men heldigvis var det ikkje noko som tyda på det. Under
full narkose vart den operert, og ei splint er sett inn i foten. Ein
reknar med det vil ta inntil 4 veker før den er heilt i orden.
På onsdag var eg til kontroll med den,
og den har nå fått ein ekstra tape rundt foten for å
vri den i rett retning framover. Den var ganske vridd utover, men røntgenbilete
viser ingen skade som skulle føre til ein slik stilling på
foten. Kanskje er det splinten i foten som gjer at den har ein feil
vinkel? Til å byrja med fekk den rått kjøtt
frå Rådyr, men etter råd frå Odd Frydenlund
Steen, vert den nå foret med kjøttdeig frå småfe
som eg blandar litt fjør i. Den får omlag 100 gram morgon
og kveld. I tillegg får den vatn blanda med penicillin. Då dette er ein såpass sjeldan fugl,
har eg varsla at eg har den både til viltnemda og politiet her
i kommunen, viltforvaltar i fylkeskommunen og viltnemda i kommunen fuglen
vart funnen. Fredagens (23.6) kontroll viste at foten
ennå var for skeiv, og den er nå tapet på ein
ny måte for å få foten i rettare stilling. Falken
er ellers i veldig god form, og er ganske morsom å sjå
på når den hinkar rundt. Mandagens (26.6) kontroll gav litt dårlege
nyheiter, då splinten i foten er i ferd med å presse
seg ut, og brotet er blitt litt skeivt. Ennå er det ikkje
noko problem, men om den beveger seg litt meir må den opererast
på ny. Kontroll
12.7: Brotet ser nå veldig greitt ut, og bandasjen er fjerna.
P.g.a. brotet er foten nesten ein halv cm. kortare enn den andre,
men det bør ikkje føre til noko problem. Om halvannen
veke kan splinta fjernes, og det vert spanande då og sjå
om alt fungerer som det skal. Og det gjorde det. Fjerninga gjekk greitt, og
foten ser god ut. Men ein siste vektkontroll gjorde oss betenkt, då
det visa seg at han hadde gått ned i vekt frå 1 kg. til
900 gram. Etter litt rådføring vart det bestemt at me avlyste
turen opp i fjellet, og i staden satsa på å beholde den
ut august, og så sleppe den her i området. Fredag 28.aug: Mykje dramatikk oppstod då
falken klarte å koma seg ut frå buret, og etter å
ha hoppet litt rundt på bakken lettet den og fløy av garde.
Etter nokre runder rundt huset sette den av garde nordover med ein skokk
av kråker i hælane. Eg fulgte etter den, men mista den av
syne då den forsvann over ein liten skog. Då eg kom bort
til skogen var det ein del kråker som varslet i toppen av nokre
graner, men det var ikkje råd og sjå noko til den. Etter
litt leiting måtte eg gå heimover igjen, og sette meg nordover
for å gå på eit møte eg allereie var kraftig
forseinka til. Eg tok ein telefon til Jørn Auestad (han som fann
fuglen), og han ville ta seg ein tur på leiting. Litt seinare
ringte han og fortalte at den sat på nokre steinhaugar litt nord
for skogen. Dei neste dagane heldt den seg i området.
Eg prøvde å gå innpå den, og lokket med mat.
Det næraste eg kom var om lag tre meter før den tok til
vengene. På måndag sat eg inne i stova,
og plutseleg kom den flygande forbi vindauget på jakt etter
nokre stær. Då eg gjekk ut, byrja den å fly
rundt meg, og eg fann då fram noko kjøt til den.
Den var tydeleg veldig svolten, og grabba posen med kjøt
eg hadde lagt frå meg, og sette av stad med den. Den landa
litt bortanfor, og reiv sundt posen, og fekk i seg kjøtet.
Eg henta ein pose til, og la den på ei skål, og den
gjekk og rett ned. Så letta den og sette seg i grantrea
rett utafor huset. Der sat den til neste morgon, og då klarte
eg å lokke den inn i ei klappfelle, og fekk den på
plass i buret igjen. Dei siste tre vekene har den heile tida hatt
døde høner på menyen, og den maten har den sett
stor pris på. Søndag 3.sept: Den store sleppedagen
er endeleg komen, og klokka 13.00 var ein del utvalde gjester
invitert. Men ryktet hadde spreidd seg, og ein del fleire ringte
og ville koma å sjå på, så til slutt vart
det ein ganske stor gjeng av unge og gamle som var på plass.
Sjølve sleppet vart ikkje heilt som tenkt for dei med store
fotolinser, då den fløy lavt over ein høg
steingard, og landa i nokre grantre lengre borte. Me hadde vona den ville halde seg i nærleiken
ei tid framover, og den var på plass morgonen etter, men
sidan er den ikkje, med 100 % sikkerhet, sett, så det er
bare å vone at det har gått bra. Det var mykje ringduer
og måker i området på den tida, så kanskje
har den klart å fanga nokre av dei. |
|||||||||||||||
|
|||||||||||||||