|
|
|
På laurdag 9. januar (1999) fekk me telefon
frå Fosse på Bryne om ein oljeskada lomvi (Uria aalge)
dei hadde funne ved sjøen. Sveinung og Sissel køyrde opp
og henta den, og den fekk ei eske å bu i på badet. Den vart
snart døypt Ludvig av ungane. Det meste av olja har me klart
å vaska av, og nå må me ha den ei stund slik at den
får igjen fettet i fjørdrakta. Ludvig protesterte ikkje
så mykje då han vart vaska, men han likte ikkje å
verta dusja. Han får mest kvar dag bada i badekaret, og i dag
(14.januar) flyt han mykje betre enn før, så han byrjar
nok å få litt fett tilbake i fjørene. Han er ganske
dyr i drift og vil ikkje ha makrell. Men når han får torsk
så går maten fort ned. Han var svært avmagra då
me fekk han, men har kome seg litt. 15.januar Ludvig er ennå i god form. Han eter godt
og har vert litt hissig i dag. Han ville heller ikkje bade. Men han
er ennå litt tynn, så han må nok leggja på seg
litt før me slepp han ut. Maten i dag har vert sei, det er billigare
enn torsk. Han liker helst å få store stykker som han må
jobbe litt med å få ned. Er bitane for små et han
dei ikkje. Når han får ein bit i nebbet så rister
han den godt før han svelger den. |
||
|
||