Til fuglesiden



RINGMERKING

Fyrste gongen eg var med og ringmerka var i 1993 på Søylandsvatnet i Hå. Me merka ein del fugl ved dette vatnet dei neste åra, spesielt hausten 1995. P.g.a. at det nå er innført total fredning på Søylandsvatnet, så foregår det ikkje ringmerking her lenger. Både hausten 94 og 95 var eg mykje med på Hodne i Klepp. På Sele var eg innom ein del på den tida, og seinare har eg vert med litt på Revtangen stasjon og på vaderfangst nede på Revtangen.

Våren 1998 flytta me frå Varhaug sentrum og ned til Hobberstad, der eg har fått sett i stand eit hus ikkje langt frå heimen min. Her har eg fått skilt frå ei tomt på litt over 1 mål, og i tillegg så disponerer eg 3-4 mål utanom. Eg byrja så smått å ha oppe nokre få nett mens me pussa opp, og om hausten fekk eg opp litt fleire, 5 på det meste. Til tross for få nett vart likevel fangsten bra.

Heipiplerke er den klart mest merka arten med 2248 individ (pr. 31.12. 2008). Det største høgdepunktet er likevel blåstjerten som vart fanga 21. okt. 2002. Andre spesielle artar er 4 gulbrynsangarar, 4 vannrikse, 4 kvartbekkasin, 2 duetrost, 15 hauksanger, polarsisik, vendehals, 3 blåstruper, svartrødstjert, dvergspett, 3 bøksangar, 2 tornskate, 2 varslarar, sivhauk, 2 vandrefalk, 2 jaktfalk, jordugle, åkerrikse og sidensvans. Då det er kort veg ned til sjøen har me prøvd tre netter med havsvalefangst, og det har gitt 5 merka individ av den sorten.

For tida har eg vanleg arbeid på dagtid, og det blir ikkje så mykje tid til merking. Det var betre før då eg hadde heimekontor. Men eg har oppe nokre nett når eg kjem heim frå jobb og i helger og ferier.

.

Oversikter

Fuglar merka på Hobberstad 2008

Alle fuglane eg har vert med å ringmerka:

Tidlegare merkingar på Hobberstad:

2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 1998


Oversikt over ringmerking på Hobberstad og oversikt over alle fuglane eg har vert med å ringmerka
Oversikt over dei skada fuglane eg har hatt i pleie
Oversikt over alle dei fuglane eg har sett ute i naturen Blåstjert Fuglebilete
Fuglelivet på Jæren
Ei samling av vitsar som handler om fuglar
Linker til fuglesider
Tilbake til heimesida


© Copyright 2001. All rights reserved. Powered by Free Site Templates

free counters