Fuglen landa 18. oktober 2001 på ein
engelsk båt midt mellom England og Norge. Båten var på
veg til Stavanger. På båten klarte fuglen å skada
vengjen, og dei kontakta museet som igjen kontakta meg. Morten Keersbergen
tok den med til Revestasjonen, og Morten Tjemsland, som var med å
ringmerka den dagen, tok den med til dyreklinniken på Tu. Noko
meir enn ein sårskade vart registrert, og den fekk antibiotika
og vart bandasjert. Sjølv om skaden ikkje virket stor, så
hang likevel vengjen nokså stygt. Etter tre veker døydde
fuglen.
 |
Som alle andre rovfuglar, så treivst heller ikkje denne
i ei eske, og etter å ha kome ut av denne, fann den ut at
skohylla var ein god plass å få oversikt. Dei første
dagane var den inne, og så hadde eg den ute ein del, men då
det var mykje vind og regn, og såret ikkje ville gro, så
fekk den koma inn igjen. Den vart då plassert i eit mindre
bur. Den vart fora med døde småfuglar, og den åt
stort sett godt.
|
Dei fyrste vekene var den generelt i god form, men den dreiv
stadig og beit i såret i vengjen, så det vanskeleg å
få det til å gro skikkeleg. Etter godt to veker byrja
den å verta slappare, og den fekk heller ikkje i seg så
mykje mat. Eg prøvde å få i den antibiotika igjen,
men den vart raskt svakare, og det var ikkje så lenge før
den sakte men sikkert sovna hen. Det var dumt det skulle gå
slik då fuglen eigentleg hadde veldig gode odds for å
klara seg, men det går ikkje alltid slik ein trur og håpar.
|
 |
|







|