Til fuglesiden


VANDREFALK (Falco tinnunculus)

 

Vandrefalk på stolryggDenne falken hadde eg inne hausten 2000. Den vart funnet av elevar frå Øksnevad vidaregåande skule, som var på tur i Nærlandområdet. Fuglen såg ut til å ha brot i vengja, men det viste seg at den var skoten og hadde to kuler i kroppen. Skaden i vengja var nok bare eit hagl som hadde streifa. Det er sannsynleg at kroppen klarer å "polstre" inn hagla slik at det ikkje treng å bety noko for fuglen så lenge viktige organ ikkje er skada. Den kom seg i alle fall fort, og tok flott til vengene då den vart sleppt. Falken var veldig liten av vekst, så det var ingen tvil om at det var ein ung hannfugl.

Dei fyrste dagane vart fuglen plassert inne i varmen i ei eske med nettinglokk på. Den var ikkje fornøgd med det, og prøvde stadig å koma seg ut. Dette klarte den, og hadde vert innom vindaugekarmen og klart å knusa det meste som stod der. Men den fann seg fort til rette på ein stolrygg. Det er tydeleg at den følte seg utrygg i eska, og at den følte seg meir vel med å sitja litt høgare.

Etter nokre dagar fekk den koma ut i uteburet. Den var uroleg og flaksa ein del rundt når det var folk i nærleiken, men stort sett heldt den seg i ro. Til mat fekk den nokre døde fuglar, og ei blanding av slakteavfall som den lokale slaktaren har kverna opp.

Oversikt over ringmerking på Hobberstad og oversikt over alle fuglane eg har vert med å ringmerka
Oversikt over dei skada fuglane eg har hatt i pleie
Oversikt over alle dei fuglane eg har sett ute i naturen Blåstjert Fuglebilete
Fuglelivet på Jæren
Ei samling av vitsar som handler om fuglar
Linker til fuglesider
Tilbake til heimesida


© Copyright 2000

free counters