|
|
På bilete er eg og Sylvia fotografert
på trulovingsfesten sommaren 2003. Etter å ha kjent Sylvia
i omlag eit år gjennom internet og telefon, reiste eg til Ghana
der me hadde både trulovingsfest og bryllaup. Frå september
og ut desember var både eg, Sissel og Silje i Ghana. Me budde
då i lag med Sylvia i bydelen Mamprobi i Accra. I mars var eg
igjen tilbake i Ghana, og denne gong for ein månad. For det meste
budde me i bydelen Mataheko, ikkje langt frå huset til Sylvia
si mor. Det var med ein del gjester frå Norge på denne turen.
I august var eg tilbake igjen i Ghana, og denne gongen hadde Sylvia
fått innreisepapir til Norge, så ho kunne reise med meg
tilbake igjen.
Desse sidene er mine sider om mitt forhold
til Ghana og til min kone. Sylvia har fått si eiga heimeside. |
|