 |
Ein forlovingsfest i Ghana er eigentleg ein gammal bryllaupsfest, og for vår del var den blanda med mange kristne element. Første delen av seremonien er bare mannen til stede, og ein del gåver innkjøpt frå mannen til forlovaren vert presentert. Desse gåvene består av ting til huset som skal hjelpe kona til å stelle godt med mannen. I tillegg var Bibel og salmebok ein sjølvsagt gåve.
|
 |
Når gåvepresentasjonen er over skal mannen spørje
kor kona er, og dei går då og hentar henne. Dei kjem
med henne og spør mannen om det er dette som er kona hans,
noko han då må bekrefte. Så er alt klart til
å gå vidare i seremonien |
 |
Det er bare kona som får forlovingsring, og dette bør helst være ein diamantring. Ringen vart sett på mens eg sa i Faderens, Sonens og Den Heilage Andens namn, og folket ropte Amen og klappa. |
 |
Etter seremonien gjekk me ein runde og tok alle i handa slik at dei fekk gratulere oss. Ein forloving i Ghana er nesten jamgodt med å være gift, og det er uvanleg at folk bryt ein forloving sjølv om den ikkje er juridisk bindande. Folk flest forlovar seg eit til to år før dei giftar seg, men me klarte oss med ein dag. |
 |
Sidan dette er ein tradisjonell fest måtte me bruke tradisjonelle
klede som me gjekk til skreddaren og fekk laga oss. |
 |
Etter seremonien var det mat å få. Fyrst vårull
til forrett og så tradisjonell mat til hovudrett. Ein fin
skikk var at dei nyforlova ikkje fekk kvar sin tallerk, men åt
av same tallerken. |