Ghana har mange forskjellige kunstformer, men det som er typisk for dei alle er at dei er håndlaga, og stort sett laga med enkle redskap.

Adinkra symboler

Det finnes mange Adinkra symboler og kvar har si tyding. Symbola kan verta sydd på klær, skåret inn i ting laga av tre eller laga som figur i tre.

Figuren på bilete heiter Sankofa. Tydinga er at fortida har ein del å sei for utviklinga framover, og at folk ikkje må gløyme si fortid.

Keramikk

Leiren som blir brukt til å lage steintøy, blir henta frå elvebredda. Leiren blir blanda med vatn i eit grunt kar, og er då klar til å formast. Leiren blir knadd for å få ut luftbobler, og kan så dreidd eller bli lagt i ei form. Etter at produktet er blitt som det var tiltenkt, blir det sett til tørking i 5-7 dager. Neste steg er omnen der produktet stå i to døgn, og den neste veka må produktet bli avkjølt før det kan takast ut or omnen.

På dette stadiet er produktet klar til bruk for eksempel til å oppbevare vatn kjølig, til matkoking eller blomsterpotte. Men ein kan også behandle produktet vidare ved å glassere det. Produktet blir dyppa i glasuren og sett til tørking. Det tørka produktet blir så sett i omnen igjen. Denne gongen trengst det meir varme, og ein elektrisk omn er det beste. Produktet blir brent i om lag ti timar i 1120 graders varme. Den ferdige keramikken blir selt på marknaden, men ein del også til eksport.

Treskjæring


Veldig mykje av kunsten i Ghana er laga i tre. Me har bilder utskåret i tre, ansiktsmasker, dyrefigurar, trommer og kunstneriske møbler som for eksempel krakkene dei kongelege brukar.

Smykke

Smykke som dei på bilete blir laget av glas, leire eller stein. Dei blir brukt som pynt rundt halsen, som øyrering eller rundt handledda, men dei kan og brukast rundt ankelen eller hofta. I enkelte seremoniar kan dei ha ei utvida tyding.

Til å lage glasperlene bruker man knust glas som regel frå flasker. Glasset blir knust til veldig små biter og blir så lagt i ei form. Ein pinne av cassava blir brukt til å lage hol i perla. Forma blir sett i omnen der glasset smelter. Når perla er avkjølt blir den polert. Etter at perlene er trædd på tråden, blir dei igjen tørket før dei blir smurt inn med ein krem, for eksempel vaselin.