|
|
|
Ein av dei vanlegaste matrettane er Banko. Sjølve
Bankoen er dei to klumpane bak på bilete. Dei vert laga
av mais som vert knust til pulver. Det vert så kokt i
vatn til det vert som ein deig. Denne retten vert eten med fingrane,
og dei dypper deigen i sausen. Saman med Bankoen kan det serverast
både fisk og kjøt. Fisken på bilete kallast
Tilapia.
Mest kjent blant andre tradisjonelle retter er Fufu som minner
ganske mykje om Banko
|
|
Mat er veldig billig og mange har sitt daglege arbeid med
å lage og selje mat til andre. Dama på bilete seljer
frityrsteikt yam i lag med kylling. Det meste som går
an å ete vert solgt på gata på denne måten.
Ein full middag med ris og kylling kan kjøpast for 7-8
kroner, men for å unngå problem med magen er det
tryggast å laga maten sjølv eller gå på
restaurant.
I tillegg til gatesal er det store marknader der folk går
for å kjøpe det dei treng til middagen. Ein del
av kjøtet her er slakta på lite hygienisk måte,
og myndigheitene vil helst at folk skal kjøpe kjøt
frå dyr som er slakta på dei statskontrollerte slakteria.
Dette kjøtet er lettast å finne på supermarknaden.
|
|
Mange forskjellige grønsaker vert brukt i Ghana. Blant
mange rotfrukter er Yam den vanlegaste. Andre er potet og maniok.
Ris vert det ete veldig mykje av. Elles er tomat, paprika (i
Ghana vert den kalla grøn pepar), gulrot og kål
veldig mykje brukt. Rød pepar vert brukt for å
krydre maten. Kakao og forskjellige nøter vert det og
solgt mykje av.
Bilete: Det er mange veldig bra restauranter i Ghana. Ein
kan få ein god middag med drikke frå 25-30 kroner og oppover.
Her er me på Kina-restaurant |
|
Fruktene på bilete er banan, appelsin, mandarin, vannmelon,
papaya og "sweet apple" (søtt eple). Andre vanlege
frukter er kokosnøtt, avocado, ananas, guava og plantain
(plantain er "storebroren" til bananen. Den må
kokast og brukes til middagsretter på same måten som
poteten. Den vert og skåret i strimler og frityrsteikt.
Den vert då som chips). |
|
|