Det er morgon og bruda har fått bryllaupsklærne på og er klar til å dra til vigslings seremonien.

Før seremonien byrja vart ringane lagde på bordet, og dama som leia seremonien forklarte litt kva som skulle skje. Ho måtte og øve på uttalen av namnet mitt.
Sjølve seremonien var nokså enkel. Det vart forklart reglane for gifting og skilsmisse i Ghana, og så var det å gjenta det ho som leia sa. Det gjekk ut på å love kvarandre evig truskap. Etter at ringene var på plass, var det tid for det obligatoriske kysset.
Ein viktig del av seremonien var underskriving av vigselattesten. Ho som leia skreiv under først, og så var det brudgommen sin tur.
Og så var det bruda sin tur til å skrive under. I alt fire forskjellige stader måtte me skrive.

Det var også fire vitnar som skreiv under på attesten. Ransford og Richard var mine vitnar, mens Sylvia sin onkel Ebenezer, og mor hennar Regina, var vitne for henne. Det var ikkje problem at Sylvia brukte familiemedlemmer som vitne, men eg kunne ikkje brukt hennar slekt.

Den fyrste som gratulerte oss var ho som leia seremonien. Sjølv om det gjekk litt på samleband, var ho likevel veldig flink, og gjorde det heile på ein veldig profesjonell måte.

Her er me nettopp kome ut frå rommet viinga føregjekk, og me er klar for fotografering.