Det vart ein del fotografering etterpå. Det var eit par profesjonelle fotografer som tok bilete, mens desse som vert vist her er stort sett tekne av Richard.

Det var bare eit lite utval av familie og venner som deltok under sjølve viinga. Resten var og gjorde klar til festen. Dei som er med på bileta er frå venstre ekteparet Comfort og Ebenezer. Vidare kjem Ekua som er gift med Edward som står til høgre for Sylvia. Sonen deira står heilt til høgre. Framfor meg sit Sylvia si venninne Juliet, og bak meg står Ransford. Til høgre for Sylvia sit Mavis som var dama til Ransford. Nest til høgre står Regina, Sylvia si mor.

Her er me i lag med mor til Sylvia og to av mora sine brør, Edward og Ebenezer.
Mavis var saman med Ransford på den tida. Han forlanga eit bilete av brudgommen i lag med dama si!