Det meste av sjølve bryllaupsfesten bestod av dans og musikk. Her er Sylvia mellom Joe og Ransford. Med ryggen til i blå kjole står Victoria. Ho er søskenbarn til Ransford og Seth. Siste person er Seth.
Det var veldig viktig for dei at eg skulle være med å danse, noko som er nokså naturstridig for ein Jærbu. Å danse er ein måte å vise glede på, og det er viktig å vise glede den dagen ein giftar seg. Men sjølv om det ikkje var noko stor glede for meg å danse, så fekk i alle fall dei som såg på seg ein god latter!
Chiefen var og på plass i lag med assistenten sin, eller talsmannen som dei eigentleg kalla han. Utpå kvelden baud chiefen meg opp til dans, og eigentleg så var det nokså uhørt at ein mann i hans stilling skulle opptre på dansegolvet i lag med vanlege folk. Heldigvis var han ikkje så mykje betre enn meg å danse, så me passa godt i lag!
Me byrja dagen klokka 5 om morgonen, og det var ikkje så rart at me vart veldig trøtte utpå kvelden. Nå var det heldigvis ikkje slik at brudeparet måtte være til slutt, så me tok kvelden litt tidlegare enn enkelte andre. Det var slik med gjestene også at dei kom til forskjellige tider, og gjekk til forskjellige tider, men festen var formelt slutt klokka 12 om natta.
Av omsyn til dei mindreårige vert dette det siste biletet frå bryllupet!