Photo: Paal Christensen (Stavanger Aftenblad)
Dette biletet er teke av Paal Christensen frå Stavanger Aftenblad. Biletet pryda heile framsida av fredagsmagasinet til Aftenbladet, Puls. Inne i bladet var ein seks siders artikkel om oss.
Photo: Paal Christensen (Stavanger Aftenblad)
Dette biletet er og teke av Paal Christensen, og vart brukt i Aftenbladet sin reklame for Puls magasinet.
Jula 2003 vart feira i Ghana, og det var uvant med feiring med tropevarme og palmesus. Men dersom ein såg fjernsyn skulle ein tru at jula var ei oppfinning frå Sameland og ikkje frå Betlehem. Det var reinsdyr og nissar i slede, og musikk som fortalde at mange drøymde om kvit jul og i Ghana. På bilete vert Sissel og Ebenezer (Sylvia sin onkel) servert av Sylvia si mor, Regina
Photo: Paal Christensen (Stavanger Aftenblad)
I hyggeleg lag med Chiefen i Sylvia sitt område. Han er hennar syskenbarn. Til venstre er han som er familien sitt overhovud. Alle viktige beslutningar som angår familien må gå gjennom han.
Dinah er Sylvia si lillesøster og er fem år på dette biletet. Mora var 47 år då ho fekk henne. Dinah er ei veldig smart og morosam lita jente. Ein dag trefte ho ein dverg på gata, og då ho kom heim fortalde ho at ho hadde møtt ein liten gut som var voksen!
Photo: Paal Christensen (Stavanger Aftenblad)
Dinah kikkar inn gjennom eit hull i myggnettet i den hytta der Sylvia var innelåst som ein del av innsettings seremonien hennar.
Photo: Paal Christensen (Stavanger Aftenblad)
Sylvia sin bror, Charles, fortel Einar Lerbrekk om jorda me har kjøpt, og som me vil bygge og selge feriebustader på.