Eit lite utval av dei fuglane ein kan sjå rundt om i Ghana. På hovudbilete er ei afrikabladhøne (Actophilornis africanus), oppe til høgre flyg ei svartglente (Milvus migrans), og til venstre gulnebbvarsler (Corvinella corvina).
Landsbyvever (Ploceus cucullatus)

Landsbyvevaren hekker i koloniar, og det er eit veldig liv i trea der fuglen vever sine flotte reir. Det er konstant aktivitet og mykje lyd frå hannens song og kvitring. Fuglar flyr frå og til heile tida med reirmateriell. På restauranten på Hans Cottage kan ein studere fuglane på få meters hold.

Palmedue (Streptopelia senegalensis)

Palmedua er ein av dei verkelege karakterartane i Ghana, spesielt i by og tettbygd strøk. Den liker seg i tørre strøk, med litt småskog eller kratt, og søkjer føde på bakken. Denne består for det meste av korn og forskjellige typar frø, men den kan også ta små insekt.

Dei er stort sett åleine eller i par, og opptrer i flokkar bare ved drikkeplassar. Sidan dei oppheld seg mykje i nærleiken av folk, så er dei lite sky.

Terneisfugl (Ceryle rudis)

Terneisfuglen er den isfuglen ein ser mest av i det sørlege Ghana. Den finnes overalt der det er vatn, også langs kysten der den sit på klipper og kikker etter fisk. Ein spesiell ting med den er at den kan stille i luften (rytle). Den henger 5-6 meter over vatnet og stuper ned etter fisken. Men normalt sit den ute på ei grein og fisker.

Kjempeisfugl (Megaceryle maxima)

Denne isfuglen er den største i Afrika (42-46 cm). Den held seg langs elver, laguner og små innsjøar i savanne og skogsområde. Den er normalt ganske sky og flyr bort lavt over vassflata om den vert forstyrra. Har ein kraftig lyd som avslører den når den skriker.

Kuhegre (Bubulcus ibis)

Kuhegra er ein skikkeleg karakterart i Ghana. Dei er å sjå alle stader, men er mest vanleg der det er fuktig eller på grøne enger. Elles sit dei mykje og kviler oppe i trea der dei også overnattar i store flokkar.

Krabbehegre (Butorides striatus)

Krabbehegra er eigentleg ein nattaktiv fugl, men den er ofte å sjå også på dagtid. Deira hovudføde er småfisk, froskar og insekt som lever i vatn. Den kan av og til ta krabber. Krabbehega er også kjent for å bruke agn for å fange småfisk. Den kaster ein brødbit, eit blad, ei fjør eller liknande uti vatnet, og venter på at fisk skal kome for å ete.

Ein gong sat eg og såg då denne hegra hadde funnet ein brødbit den brukte som agn. Den tok brødbiten opp og kastet den litt lenger vekke om fangsten ikkje vart slik den ynskja. Plutseleg såg eg hegra klatra litt oppover i treet, og då såg eg ein krokodille kome symjande der den fisket. Så fort krokodillen forsvann, så fortsette krabbehegra å ”fiske” vidare.

Bronsemannikin (Lonchura cucullata)

Bronsemannakinen er ein fascinerande liten krabat (9 cm) som er lite sky og derfor lett å studere. Den opptrer i små flokkar i områder med buskvegetasjon og i hagar og parker. Får ein sjå den på veldig nært hold vil ein sjå at ryggpartiet har ein metallisk glans i grønt og bronse.

Hettegribb (Necrosyrtes monachus)

Til einkvar tid så er det nokre store fuglar som ligg og svever over byer og landsbygder på ørnevis, og om ein ser nøyare etter ser ein at det er ein gribbeart som heiter hettegribb (Necrosyrtes monachus). Gribbene liker seg også veldig bra der dyr blir slaktet, og dei kan sitje lenge og vente på å få seg litt slakteavfall.

Afrikaerle (Motacilla aguimp)

Denne slektningen av vår linerle, er ganske vanleg i områder der folk bur, men den trives best i nærleiken av vatn. På dagtid så er dei stort sett åleine eller i par, men dei overnattar i flokkar.

Oppførselen er elles veldig lik vår linerle, der den springer rundt på bakken på jakt etter insekt. Lyden minner også om linerla.

Svartryggvarsler (Lanius collaris)

Nær slektning av dei norske artane varslar og tornskate. Til tross for at den ikkje er så stor, så fangar den alt frå insekt til små krypdyr og unge småfuglar. Den er vanleg å sjå rundt i Ghana unntatt i dei store byane.

Senegalsporegjøk (Centropus senegalensis)

Ganske vanleg fugl i dei fleste områder med gras og buskvegetasjon. Sporegjøkene lager eigne reir. Denne kraftige fuglen likar å ete store insektar og kan og ta firfisler og ungar frå andre fuglar sine reir.