Store deler av Ghana består av platå og sletter. Ved kysten finn ein kystsavanne der graset er høgare og buskane større enn på savannen lengre inne i landet. Rundt lagunene langs kysten er det ein del mangrove sumpar. 2/3 av skogen i Ghana er hogd, men det finnes ennå ein del regnskog igjen. Det meste av dette ligg i sørvestlige delen av landet. Desse er leveområde for mange trær og planter, sommarfuglar, fuglar, krypdyr og ein del pattedyr, spesielt aper.

Bilete: Som einaste stad i Afrika kan ein i Kakum National Park finne eit nett av hengebruer som går 40 meter over bakken i regnskogen. Det er 6 bruer på totalt 264 meter. På kvart tre er det ein plattform med utsikt over skogen

Ghana har bare små områder med fjell, og det høgaste punktet er Afadjoto som ligg 885 meter over havet. Vanlegaste bergartar er skifer, sandstein og kvartsitt. Ghana har 550 km. med kystlinje. Det meste er sandstrand avbrote av parti med klipper. Langs kysten er det mange kokospalmar. Andre viktige treslag er afrikansk mahogni, obeche og sapele.

Rundt restauranten på Hans Cottage er det ein del krokodiller som symjar rundt eller ligg opent på små holmar ute i vatnet. Dersom nokon hiv mat uti vatnet, kjem fiskane for å ete, og krokodillane blir tiltrekt av lyden. Sjølv om dei ligg mykje under vatn treng ein ikkje vente lenge før ein oppdagar ein eller fleire av dei.

Av mange slange artar i Ghana er pyton, kobra, mamba og afrikanske hoggormartar dei mest vanlege. Svart Mamba er den giftigaste, men den er veldig lite aggressiv. Sjølv om under ti personar døyr av slangebitt kvart år er folk veldig redde dei, men folk er ikkje så redde i trafikken der 2-3000 personar vert drepne kvart år!

Firfisler er det mengdevis av rundt husa, og til og med inni husa. Dei var i mange størrelsar og hadde litt forskjellige fargar. Det er også ein del gekkoar, men dei eg har sett var ein del mindre enn firfislene.

Ghana har eit rikt dyreliv. Det finnes elefant, bøffel, antiloper og villsvin. Av rovdyr finnes blant andre løve, leopard og andre mindre kattedyr, hyene og oter. Det er og mange apeartar, for eksempel sjimpansar.

Flodhesten er det dyret i Ghana som drepar flest folk. Det skjer normalt i kveldinga når flodhestane går på land for å ete gras. Dersom ein person går ved kanten av vatnet kan flodhesten springe ut i vatnet i panikk, og på vegen trø personen i hel. Dei kan også angripe folk eller båtar når dei forsvarer territoriet sitt. Andre pattedyr som kan angripe er løve og elefant, men det skjer veldig sjelden.