Ghana ligg i Vest- Afrika ut mot Guineabukta og grenser mot Burkina Faso, Elfenbeinskysten og Togo. Landet har eit tropisk klima og gjennomsnitts temperaturen er om lag 26 grader. Landet er litt mindre enn Norge og har 22,4 millionar innbyggjarar (juli 2006). Frå her me bur på Varhaug, til huset der Sylvis familie bur i Mataheko, Accra, er det 5910 km.

Hovudstaden i Ghana heiter Accra. Offisielt har byen 1.97 million innbyggjarar (2005), men i bykjernen, og områda rundt, bur det nok 5-6 millionar menneske.

Bilete: Labadi Beach er ei populær strand i Accra.

Ghana har vert befolka av ulike etniske grupper så lenge ein kjenner til. Portugisarane kom til landet i 1471, og gav det namnet Gullkysten fordi det fantes mykje gull i området. På 1600-talet kom andre europeiske land til Ghana for å ta del i slavehandelen. På midten av 1800-talet overtok britane landet etter Nederland. Som det fyrste land sør for Sahara vart Ghana sjølvstendig i 1957 og Dr. Kvame Nkrumah vart landet fyrste president. Landet tok namnet Ghana etter eit gamalt vestafrikansk storrike.

Bilete: Frå Kvame Nkrumah Memorial Park der Ghana sin fyrste president Kvame Nkrumah ligg gravlagd. Grava er inne i betongmonumentet i bakgrunnen.

Fargene i flagget:

  • Det røde står for blodet forfedrane har ofra for landet
  • Gulfargen viser at Ghana er rikt på mineraler og spesielt gull
  • Den grøne fargen fortel om landet sin vegetasjon med store skogar og planter som gir mat
  • Den svarte stjerna handler om Afrika sitt håp

Den engelske nasjonalsongen Ghana bruker i internasjonale samanhenger:


God bless our homeland Ghana
And make our nation great and strong
Bold to defend forever
The cause of freedom and of right
Fill our heart with true humility
Make us cherish fearless honesty
And help us to resist oppressor’s rule
With all our will and might forever more

Photo: Paal Christensen, Stavanger Aftenblad

Nasjonalsong på Twi

Yen ara Y´asaase ni
Oye aboydenden ma yen
Mogya no a nananom hwie guu nya de too ho maa yen
Adu me ne wonso so se yebeye bi atoaso
Nimdee ntrasoo nkontonsrane ne apese menkomenya
Adi yen bra yi mu dem
Ama y´asaase yi ho do atomase
Oman yi se ebeye yie oh
Oman yi se erenye yie oh
Eye nsem naaho se omanfoo bra na ekyere

Norsk oversetting

Dette er vårt eige land
Det er svært dyrebart for oss
Det vart kjøpt med blodet til våre forfedre
Det er nå vårt ansvar å fortsette
Det er bare med kunnskap og kjærleik vi kan utvikle landet
Men egoisme vil øydelegge landet
Så vi må la vår kjærleik for landet være i våre hjerter
Dersom dette landet vil utvikle seg
Dersom dette landet ikkje vil utvikle seg
Det er avhengig av livsstilen til folket

Sissel framføre nokre bilete frå slavetida. På slavefortet i Cape Coast vart fangar oppbevart før dei vart ført ut til ventande båtar. Fortet er nå museum om slavetida.
Kanonene vart normalt brukt til å forsvare seg mot fremmede makter som truga den regjerande kolonimakta. Men kanonene har også ei anna grusom historie: Slaver som prøvde å rømme vart plassert inne i kanonen med bakbundne hender. Dei vart så skutt ut over sjøen der dei ikkje hadde noko sjanse til å overleve (dersom dei var i live då dei landa i sjøen?).