|
|
|
Lokale kongedømme
DRONNINGMORA
Silje intervjuer Sylvia som er Dronningmor
KORLEIS KAN DU BLI DRONNINGMOR?
Twi-ordet for dronningmor er Ohenmaa. Du må ha spesielle
kvalitetar for å bli dronningmor. Først og fremst
må du komme frå ein kongeleg familie, og du må
ikkje ha nokre fysisk misdanning. For eksempel kan du ikkje
ha bare ni fingre, være blind eller være dum. Du
må heller også ha eit reint rulleblad, og må
ikkje være straffa eller ha sete i fengsel.
DRONNINGMORA SINE PLIKTER
Ho bestemmer kven som skal bli chief, og har også ansvar
for utviklinga til kvinner og barn i hennar område. Ho
organiserer kvinnene og lærer dei opp til eit yrke/hobby,
for eksempel å lage såpe, batikk eller anna kunsthandverk.
KORLEIS EI DRONNINGMOR BLIR ”ENSTOOLED”
(innviet/kronet)
Ho vil bli båret i ein bærestol, og så blir
ho plassert i eit rom i tre dager. Tredje dagen blir ho kledd
i kentedrakt (tradisjonell klesdrakt for kongelege), og båret
rundt i byen i bærestol til trommemusikk og dans. Ho blir
så båret fram til sentrum av byen eller til ein
seremoniell plass. Der avlegger ho eid til byen. Ho blir så
plassert på ein spesiell krakk som kalles "stool".
|
|
Lokale kongedømme
CHIEFEN
Twi-ordet for Chief er Ohene, og det betyr konge. Det er ein
chief for kvart område/region, og under han er det fleire
subchiefer. Kor mange avhenger av kor stort området er.
Sylvia og chiefen på biletet sitt område, dekker
47 landsbyer. Kvar landsby har sin eigen chief og dronningmor.
Dei er under chiefen og dronningmora for området.
KORLEIS EIN CHIEF BLIR ”ENSTOOLED”
(innviet/kronet)
Dette foregår på same måten som kroninga av
dronninga. Dronninga foreslår kven som skal bli ny chief,
og det er eit kongeleg råd som må godkjenne den
ho foreslår. Han vil normalt være i nær slekt
med henne, for eksempel søskenbarn eller nevø.
Normalt vil han ikkje være gift med henne.
Bilete: Nana Apphah Braidu er Chief i ein del av Central
Region
|
|
Lokale kongedømme
ANDRE KONGELEGE TITLAR
Utanom dronningmor og chief er det og andre kongelege titlar i Ghana. Subchiefen er under chiefen. Han er normalt av kongeleg slekt, men kan også være gift med dronningmora. Nære slektningar, for eksempel barna til chiefen og dronningmora har tittelen prins eller prinsesse. Den tittelen har også dei som er i slekt i direkte linje av ei dronningmor eller chief. |
|
Lokale kongedømme
STOOL
På bilete er to eksempel på korleis ein ”stool”
ser ut (frå Nasjonalmuseet i Accra). ”Stool”
er det engelske ord for krakk, og den har ein sentral plass
i seremonien der dei kongelege blir krona. Mens kongar i Europa
sit på ein trone, og blir krona til konge/dronning, sit
dei i Ghana på ein stool og blir enstooled til sin posisjon
i det kongelege hierarki.
|
|
Lokale kongedømme
KLAN STAV
Kvar familieklan eller kongefamilie har sin eigen stav med
ein figur på toppen. Det er normalt linguisten (talsmannen)
som held denne nær dronningmora eller chiefen. Under spesielle
seremoniar er det bare andre kongelege som kan snakke direkte
med dronningmora og chiefen. Dei andre må snakke gjennom
talsmannen. Om han ikkje er i nærleiken kan folk gå
gjennom andre kongelege når dei treng å kontakte
dronningmora eller chiefen.
|
|
Lokale kongedømme
KENTE KLÆR
Kente klær er eit spesielt design laga for kongelege.
Klærne er vevet av bomull, og det var to brødre
i Ashanti Region som først starta å veve med dette
designe. I byrjinga vart det ikkje brukt så mange farger,
men etterkvart som det kom nye metodar til å farge klær
vart også Kente klærne meir fargerike. Det er ingen
plass i Afrika ein spesiell klestype er så knytta til
eit land slik Kente er knytta til Ghana.
Det er meir enn ti forskjellige design på Kente klær.
Skjorta eg brukar på bilete er eit av dei mest vanlege
designa, og kalles “Edwene-Asa.” Orda tyder “slutten
på alle design,” og det fekk det namnet fordi når
dei hadde funnet fram til dette designet trudde dei ikkje det
var mogleg å klare lage noko flottare. Du treng ikkje
være kongeleg for å bruke denne skjorta.
|
|
MUSIKK
Ghana har ein variert folkemusikk som avspeiler eit etnisk
mangfold i folket. Popmusikarar frå Ghana vert rekna blant
dei beste i Vest-Afrika. Tromme og andre rytmeinstrument er
viktige, men også fløyter og xylofon er mykje i
bruk
Tradisjonell musikk:
Tradisjonell ghanesisk musikk er normalt ikkje skrevet ned, men blir vidareført gjennom ein sterk muntleg tradisjon. Melodiane er som regel enkle med mykje repetisjon. Rytmen er normalt viktigare enn melodien fordi dans alltid høyrer med. Alle dansar med, og tilskodarane er ikkje adskilt frå artistane. Kvar folkegruppe har sin musikk, og barna lærer å kjenne denne omtrent frå før dei kan gå.
Highlife:
Highlifemusikken har henta sin inspirasjon frå musikkstilar som jazz, blues, swing og tradisjonell afrikansk musikk. Det blir sunge både på engelsk og i stor grad på lokale språk. Melodiane er ofte plukket opp «frå gata.» I moderne higlife er gitar eit veldig viktig instrument, men tromma har og ein sentral plass. I Accra er ein kristen variant av highlife, kalla gospelhighlife, blitt veldig populært. Tradisjonell highlife er derfor mest populært på landsbygda.
Hiplife:
Hiplife er ei blanding mellom highlife og vestleg hiphop. Rappinga føregår både på engelsk og lokale språk, og teksten idylliserer i stor grad vestleg kultur og levesett. Musikkstilen er derfor veldig populær blant yngre menneske som drøymer om eit liv i rikdom og sus og dus slik dei ser det på amerikanske såpeoperaer. I tillegg er hiplife god å danse til og er derfor mykje brukt på diskotek og nattklubbar.
Gospel:
Sidan så mange ghanesere er kristne og går i kyrkja, så har gospelmusikk ein viktig plass i Ghana. I denne type musikk er teksta veldig viktig. Dei tar opp etiske spørsmål eller ei forteljing frå Bibelen. Musikken blir spela mykje på radio og det er eigne gospelprogram på TV.
Anna musikk:
Reggaemusikk er og veldig populært i Ghana. Dei har lokale artistar, men dei spelar også mange utanlandske reggaestjerner slik som Bob Marley, Jimmy Cliff og Lucky Dube. Mange amerikanske svarte popartistar eg og populære. Dei einaste europeiske grupper som har blitt verkeleg populære i Ghana er Abba og Boney M.
|
|
RELIGIONER
Det finnes tre store religionar i Ghana: Kristendom, Islam
og Animisme.
Skal ein fordele dei geografisk så bur dei kristne i sør
og vest, muslimane i nord og animistane i austre deler av Ghana.
Stort sett så blandar religionane seg ikkje så mykje
med kvarandre, men det er ein del muslimar som praktiserer gamle
skikkar. Hjå dei kristne kan ein sjå at dei har
veldig respekt for trolldom og at dei er redde for dei vonde
åndene. Dersom nokon døyr av uforklarlege grunnar
vert det lett spekulert i om det står magi bak.
Kristendom:
Over halvparten av innbyggjarane i Ghana er med i ei kristen
kyrkje, og i sør og vest er nesten alle kristne. Det
er få protestantiske kristne, men ein del fleire katolikkar.
Det er og mange baptistar, presbyterianarar og metodistar. Men
størst er pinsevennene og dei karismatiske kyrkjene.
Når dei har gudsteneste er det veldig viktig å ha
det gøy, å danse og syngje og prise Gud på
den måten. Mange av dei er og veldig opptekne av under,
og har store kampanjar der dei ber for sjuke.
Islam:
I nord Ghana er eit fleirtal av folket muslimar. Dei er normalt
ikkje så strenge på tradisjonane som i arabiske
land, men held likevel fast på dei fleste muslimske skikkar.
Sjølv om det er ulovleg i Ghana foregår det ennå
ein del omskjering av unge jenter.
Animisme:
Animistane trur på ånder og gudelege vesener dei
finn inni tre og steiner og rundt om i naturen. Magi og trolldom
er og ein viktig del av trua. Folk bruker magiske amulettar
og anna for å verje seg mot sjukdom og ulukker. Trolldom
kan og verta brukt for å skade andre.
Bilete: Denne kongsstolen har eit adinkra symbol inngravert
i stolryggen. Symbolet viser til Gud som den allmektige skaper
av universet og menneske
|
|
|