Ein av dei vanlegaste matrettane er Banko. Sjølve Bankoen er dei to klumpane bak på bilete. Dei vert laga av mais som vert knust til pulver. Det vert så kokt i vatn til det vert som ein deig. Denne retten vert eten med fingrane, og dei dypper deigen i sausen. Saman med Bankoen kan det serverast både fisk og kjøt. Fisken på bilete kallast Tilapia.


Mest kjent blant andre tradisjonelle retter er Fufu som minner ganske mykje om Banko

Mat er veldig billig og mange har sitt daglege arbeid med å lage og selje mat til andre. Dama på bilete seljer frityrsteikt yam i lag med kylling. Det meste som går an å ete vert solgt på gata på denne måten. Ein full middag med ris og kylling kan kjøpast for 7-8 kroner, men for å unngå problem med magen er det tryggast å laga maten sjølv eller gå på restaurant.

I tillegg til gatesal er det store marknader der folk går for å kjøpe det dei treng til middagen. Ein del av kjøtet her er slakta på lite hygienisk måte, og myndigheitene vil helst at folk skal kjøpe kjøt frå dyr som er slakta på dei statskontrollerte slakteria. Dette kjøtet er lettast å finne på supermarknaden.

Mange forskjellige grønsaker vert brukt i Ghana. Blant mange rotfrukter er Yam den vanlegaste. Andre er potet og maniok. Ris vert det ete veldig mykje av. Elles er tomat, paprika (i Ghana vert den kalla grøn pepar), gulrot og kål veldig mykje brukt. Rød pepar vert brukt for å krydre maten. Kakao og forskjellige nøter vert det og solgt mykje av.

Bilete: Det er mange veldig bra restauranter i Ghana. Ein kan få ein god middag med drikke frå 25-25 kroner. Her er me på Kina-restaurant

Fruktene på bilete er banan, appelsin, mandarin, vannmelon, papaya og "sweet apple" (søtt eple). Andre vanlege frukter er kokosnøtt, avocado, ananas, guava og plantain (plantain er "storebroren" til bananen. Den må kokast og brukes til middagsretter på same måten som poteten. Den vert og skåret i strimler og frityrsteikt. Den vert då som chips).